Kongo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| République Démocratique du Congo
|
|||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
|
|||||||
| Nasjonalsong | «Debout Kongolaise» | ||||||
| Motto | Justice - Paix - Travail (Rettferd - Fred - Arbeid) |
||||||
| Offisielle språk | Fransk | ||||||
| Hovudstad | Kinshasa | ||||||
| Styresett |
Republikk Joseph Kabila Adolphe Muzito |
||||||
| Flatevidd - Totalt |
2345410 km² (12.) |
||||||
| Folketal - Estimert (2009) - Tettleik |
68692542 (18.) 29,3/km² |
||||||
| Nasjonaldag | 30. juni | ||||||
| BNP - Totalt (2006) - Per innbyggjar |
7,289 mrd. USD (83.) 715,897 USD (177.) |
||||||
| Valuta | Kongolesiske franc | ||||||
| Tidssone | UTC+1 og UTC+2 | ||||||
| Telefonkode | +243 | ||||||
| Toppnivådomene | .cd
|
||||||
Kongo (tidlegare kjend som Fristaten Kongo, Belgisk Kongo, Kongo-Kinshasa og Zaïre) er ein republikk i Sentralafrika. (Namnet må ikkje forvekslast med nabolandet i vest, Kongo-Brazzaville.) Hovudstaden i Kongo er Kinshasa.
[endre] Klima
Kongo er plassert midt i hjartet av det ekvatoriale Afrika, og har eit av dei meir pålitelege klimaa i Afrika. Den intertropiske konvergenssona dreg med seg vått og torevêrsprega vêr nordover frå mars til november, og sørover frå desember til februar. Områda i mellom, inkludert Mbandaka som ligg midt på ekvator, får to regntider kvart år. Sjølv dei tørraste månadane får minst 100 mm. Vinden er stort sett svak og lufta trykkande året rundt.
Juni og juli er derimot knusktørr i område frå Kinshasa til fjellsidene av Mont Mitumba. Den gjennomsnittlege minimumstemperaturen fell til rundt 17°C i låglandet rundt Kinshasa, og ein kan få frost over 1500 m. I tørketida kan derimot skyer dekke store deler av låglandet. Den årlege nedbørsnormalen i Kinshasa er 1358 mm, men andre delar av Kongo kan få opp mot 2000 mm.
| Sentral-Afrika |
|
Ekvatorial-Guinea | Gabon | Kamerun | Kongo | |