Colombo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Colombo er den største byen på Sri Lanka og som sete for regjeringa ein av to hovudstader i landet, den andre er Kotte. Byen er òg og sentrum for handelen i landet.
Namnet var tidlegare singalesisk «Kola-amba-thota», som tyder «Mangohamna». Namnet vart endra av portugisarane til ære for Christofer Columbus, med omsyn til uttale av det singalesiske namnet (Kola-amba). Det er kring 646000 innbyggjarar i sjølve byen (2004 og 2234289 (2001) i tettstaden.