Atlanterhavet

Frå Wikipediadet frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Atlantic Ocean.png

Atlanterhavet er det nest største verdshavet, etter Stillehavet. Det utgjer om lag ein tredjedel av havflata i verda, og ein femtedel av heile jordoverflata.

Innhaldsliste

[endre] Namn

Havet er kalla opp etter titanen Atlas frå gresk mytologi, som stod i Gibraltarsundet og haldt himmelen på akslene sine. Sogeøya Atlantis har fått namn frå havet.

[endre] Geologi

Atlanterhavsbotnen. (Kjelde: NASA)

Havet blei til for rundt 55 millionar år sidan då den midtatlantiske ryggen tok til å opna seg. Denne nord-sørgåande sprekka i jordskorpa deler Atlanterhavet i to. Ho er fortsatt aktiv, og havet veks difor med rundt 2 cm i året.

Ekvator deler Atlanterhavet inn i ein nordleg og ein sørleg del. Den nordlege delen av havet har fleire bihav som Nordsjøen, Austersjøen, Middelhavet og det karibiske havet. Ir er Guineabukta den største vika.

Havbotnen er relativt flat og det finst få øyar. Nokre av dei er Grønland, Island, dei britiske øyane, Færøyane, Rockall, Asorane, Madeira, Kapp Verdeøyane, Sao Tome e Principe, Newfoundland, Bermuda og Kanariøyane i nord og mindre vulkanøyar som Ascension Island, St. Helena, Tristan da Cunha og Bouvetøya i tillegg til Falklandsøyane og Sør-Georgia ir.

Atlanterhavet har samband med Nordishavet fire stader: Vest for Grønland gjennom det 60 km breie Hudsonsundet og det 200 km breie Davissundet, mellom Grønland og Svalbard gjennom Grønlandshavet, og gjennom Norskehavet mellom Noreg og Island. Det møter Stillehavet gjennom Drakepassasjen og den menneskeskapte Panamakanalen. I aust dreg ein skiljet mellom Atlanterhavet og det indiske havet ved 20° austleg lengde.

[endre] l

Utsyn over Atlanterhavet frå Frankrike. (Foto: Claire Pouteau)

Atlanterhavet har ei utrekna flatevidd på 106 millionar kvadratkilometer og ei kystlengde på 142300 kilometer. 43600 km tilhøyrer hovudhavet og 98700 dei meir forgreina bihava.

Dei smalaste delane av havet er strekket på 2800 kilometer mellom det sørlegaste punktet på Grønland, Kapp Farvel, og Noreg på 60° nordleg bredd, og det på 2970 kilometer mellom Sør-Amerika og Cabo de Sao Roque i Vest-Afrika.

[endre] Vindar

Nokre grader nord ogr for ekvator, mellom Afrika og Amerika, ligg to område med skiftande vindar eller vindstille som blir kalla doldrums. Nord for dette området, til 30° nordleg breidd, går nordaustpassasjen, medan den sterkare og jamnare søraustpassasjen ligg sør.


andre språk
 Web-Blaster V2.21 Webblaster-Feld schließen
Die angezeigte Seite wurde durch den Web-Blaster geleitet und dadurch mit der Datenbank des Assoziations-Blasters verknüpft.

Der Web-Blaster ist ein alternativer Browser, der beliebige Webseiten mit Links anreichert. Der gesamte Vorgang geschieht in Echtzeit mit den Original-Daten, es werden keine fremden Daten auf dem Blaster-Server zwischengespeichert.

Um diesen Modus zu verlassen und normal weiter zu browsen, muss der Web-Blaster abgeschaltet werden.

Webblaster abschalten